I går, sundag, feira Olaug Torvik 100-årsdagen sin i Herøy Frikyrkje. Olaug er Herøy Frikyrkje sin eldste medlem. Ho har vore medlem der i 76 år. Ho deltok i gudstenesta, fekk helsing frå ordførar Arnulf Goksøyr og Kong Harald og var med på kyrkjekaffi etter pinsegudstenesta.

Med god hjelp frå Marit Pauline Kvalsvik fekk Herøy Frikyrkje eit kort innblikk i Olaug Torvik sitt liv.

Her er teksten om Torvik som Kvalsvik har skrive:

Den ranke kvinna!

1916. Det er midt i første verdskrig. På endelause markar i Frankrike mister over 700.000 soldatar livet i meiningslaus skyttergravskrig. Nobels fredspris vert ikkje delt ut det året. I Norge er det galopperande prisstigning og dyrtid. Nokre få tenar store pengar fort, men dei fleste slit.

Frikyrkja sender ut sine første misjonærar gjennom «Frikirkens Chinamisjon». I Herøy vert Herøy frikyrkje sitt første kyrkjebygg vigsla. Og 10. mai 1916  i Hallebygda utanfor Larsnes vert Olaug Nupen fødd, som den yngste av seks søsken.

Etter å ha vore tenestetaus i Sande kom ho i teneste på aldersheimen på Eggesbøneset. I Herøy møtte ho mannen sin, Paulus Torvik. Dei fekk opp augo for kvarandre på eit bibelkurs og dei gifta seg i Herøy frikyrkje i september i 1939.

Det var harde år med barnefødslar og sjukdom, mykje ansvar – og mykje arbeid. Paulus var initiativrik og føretaksam. Han sette i gang med sildesalting og klippfisktørkeri. Han var bussjåfør og bensinseljar. Hadde butikk og post. Olaug var realisten og Paulus sa ofte at hadde det ikkje vore for henne, så hadde det aldri gått.

Hos dei var det opne dører anten det var barna i bygda som skulle bade i bygdas første badekar eller det var forbipasserande som trengde bensin same kva tid på døgnet det var. Heimen var også open for emissærar, arbeidsfolk og nære slektningar som trong pleie.

Olaug vart medlem i Herøy Frikyrkje saman med mannen sin. Der fann ho seg godt til rette.

– Der har det vore godt å vere, og der har eg motteke mykje godt, fortel ho.

Eit anna fellesskap var foreining. Dei møttest til opning og bønestund, lesing frå misjonsblad og kollektbøsse. Og så var det kaffi og mat. Smørbrød, bollar og skuffekake.

Olaug seier det var viktig for henne å vere med i foreining.

– Det betyr at ein held seg varm. Når ein kjem i lag, rakar i hop glørne, så held dei seg lenger. Når ein kjem i lag og les Ordet og ber i lag, så held ein seg varm.

Heilt til ho var over 90 år, så dyrka ho grønsaker og poteter. Som 96-åring prøvde ho nye kakeoppskrifter. Ho serverte lefser, havrekjeks og smultringar før ho las «Gud signe maten på vårt bord» og bad folk forsyne seg.  No er kreftene og synet ikkje som før, men ho kokar middag og familiemedlemer gir praktisk hjelp slik at ho fortsatt bur heime.

Heime i stova er der bilde av dei fire barna, barnebarn og oldebarn. Flokken veks. Det er fleire å vere glad i. Fleire å vere bekymra for. Og fleire å be for.

– Eg ber om at Herren må bevare dei i tid og evigheit, fortel ho.

Olaug har opplevd tre frikyrkjebygg i Herøy. Ho har vore medlem i Herøy frikyrkje i 76 år. Og no har ho feira sin 100-årsdag. Ho seier det er så mangt ein har opplevd gjennom åra, men Herren er trufast. Det held det Herren har sagt.

Og ho siterer frå ein av dei gamle songane som ho liker så godt.

– «Skjønt jeg har syndet i stort og i smått, jeg dog av Herren har mottatt alt godt, inntil i dag».