Terje R. Høybakk (Maritim Forening for Søre Sunnmøre) og Bjørn Klubbenes (Via Travel) var torsdag denne veka i møte med Tide Sjø og Nettbuss Møre i regi av Utviklingsforumet for Vigra lufthavn. På møtet vart dei nye rutetabellane for båe selskapa lagt fram. - Me er svært glade for å kunne konstatere at dei nye rutetabellane representerer eit stort framsteg i kommunikasjonen mellom regionen vår og Valderøy/Vigra samt Ålesund og vise versa, oppsummerer Høybakk og Klubbenes. Særleg gledeleg synest dei det er at det no er hurtigbåtavgangar mellom Hareid og Valderøy/Ålesund med tilnærma timesavgangar frå tidleg på morgonen (07.25) til tidleg kveld (19.15). Vidare er det bussamband frå/til Valderøy til alle flyavgangar/ankomstar alle dagar! I tillegg er det mogleg å få båten innom Valderøya ”på signal” dei turane båten normalt ikkje går via Valderøya. Då kan passasjerane ringje båten. - Dette er svært bra og me var godt nøgde da me torsdag reiste tilbake til Hariedlandet. Båe selskapa skal ha ros for ha lytta til dei innspel me har kome med på vegner av næringslivet samt også kommunane sine innspel, fortel Høybakk og Klubbenes. Dei håper alle reisande vil oppleve denne forbetra kommunikasjonen og ser fram til framleis god dialog med selskapa. Dei nye rutene vart tekne i bruk 1. mai.