(NPK): Seks av dei 14 skipa til Kystvakta ligg til kai på grunn av skadar eller vedlikehald. Beredskapen langs kysten er svekt, meiner kystvaktsjef.

Alle dei fem skipa til Kystvakta i Norne-klassen ligg no til kai.

To av dei er på verkstad på grunn av alvorleg slitasje på hovudmotoren. I samråd med Veritas er også dei tre andre skipa lagt ved kai for ein sjekk, fortel NRK.

Også kystvaktskipet Harstad ligg ved kai og er ikkje operativ.

Skadd under berging av "Kamaro"

Skipet fekk omfattande skadar i samband med slepet av fiskebåten Kamaro i slutten av oktober i Barentshavet.

Flaggkommandør Lars Saunes innrømmer at dette vil få konsekvensar for beredskapen langs kysten at så mange skip ligg ved kai.

Overraska

– For meg var det ei veldig stor overrasking, sidan Norne-fartøya blei leverte for fem år sidan, som ein ny klasse. Dei er skreddersydde for dei oppgåvene dei skal gjere langs kysten, for fleire etatar, seier Saunes til NRK.

Men han avviser at oljeberedskapen langs kysten med dette ligg nede. Dei andre kystfartøya får ei meir fleksibel rolle langs kysten medan Norne-skipa vert reparerte.

Kor lang tid reparasjonane vil ta, kven som får rekninga, og kva det kan få å seie for neste års siglingsplan, kan ikkje Kystvaktsjefen seie i dag. (©NPK)