Etter ei lengre anbodsrunde i siste halvdel av 2012, vann entreprenøren Kristiseter AS jobben med å byggje to store bruer på den nye vegen gjennom Holsekerdalen i Ulsteinvik.

Omtrent i rute

Vegen er ei framtidsretta løysing for å betre trafikkstraumen til og frå Ulsteinvik sentrum. Maskinentreprenøren Aurvoll og Furesund AS frå Fosnavåg har entreprise med grunnarbeidet, medan Kristiseter AS har entreprise på bruene. Kommunal prosjektleiar, Per Dimmen, fortel at dei er omtrent i rute.

– Vi er om lag tre veker etter skjema på bruene. Det er på grunn av ein del arbeid med å sikre grunnen som bruene skal kvile på. Dette er eit heilt nødvendig arbeid. Sjølv om vi ligg litt bak skjema går det svært bra med omsyn til sikringsarbeidet, fortel Dimmen til Vikebladet Vestposten.

Kommunen og entreprenørane i prosjektet har byggjemøte kvar 14. dag, der dei drøftar prosjektet, planane og framdrifta.

Må leggje elva i rør

Som ei mellombels løysing vel dei å leggje Sauneselva i rør medan arbeidet med den største brua går føre seg.

– Steinfyllinga som brufundamentet skal kvile på er bratt. For å sikre at brua får eit solid fundament å stå på, vel vi å leggje elva i rør som ei mellombels løysing. Dette forsikrar oss om at nedlegging av bruforskalinga kan gå trygt føre seg, fortel Dimmen.

Kommunen har nettopp lagt inn bestilling på fleire store rør som skal nyttast til dette føremålet.