- Det er på tide å slå eit slag for den nynorske salmeskatten, seier Olav Fure, som har registrert at det blir sunge stadig færre nynorsk-salmar under gudstenestene i dei to kyrkjene på Hareidlandet.

- Før hadde vi Nynorsk Salmebok å halde oss til. Ho hadde 711 nynorske salmar pluss eit tillegg på 200 bokmålssalmar.

- Då vart det sunge stort sett på nynorsk i kyrkjene våre - og med ein eller to bokmålssalmar per preike, seier Fure, som har vore fast kyrkjegjengar i årevis - og som også har teke på seg oppdrag som organistvikar.

- Så kom den nye Norsk Salmebok, ei samling av både nynorsksalmar og bokmålssalmar. Eg var ein av dei som stemte i mot ei slik bok fordi eg frykta at nynorsksalmane ville kome i stort undertal. Og det viste seg å stemme.

- Og no etter at Norsk Salmebok kom i bruk midt på 1980-talet har salmebruken i Hareid og Ulstein endra seg radikalt. Vi har fått ei salmebok der nynorsksalmane er i klart mindretal - og det har vorte slik at vi berre syng 1-2-3- nynorsksalmar mot 5-6-7- bokmålssalmar per gudsteneste. Eg har ført statistikk på dette, så det er ikkje noko eg berre synsar om.

- Vi gløymer den nynorske salmeskatten, både fordi Norsk Salmebok har gitt han mindre rom enn han hadde før, men også fordi mange prestar er vande med å gå på bedehuset - og der bruker dei Sangboken, som har nesten berre bokmålssalmar, meiner Fure.

Og på den måten døyr den vakre og kraftfulle nynorske salmeskatten ut.

- Norsk forvaltningslov  krev 75/25 prosent

Vi ringer Per Inge Haugen, avdelingsleiar for” kirkeliv” ved bispekontoret i Molde, og spør om det ikkje finst noko form for tilråding eller påbod om at kyrkjesokn med nynorsk liturgi skal halde oppe nynorskprosenten også i salmebruken.

Haugen svarar at noko slikt påbod ikkje finst. Når det gjeld fordelinga av nynorsksalmar og bokmålssalmar i Norsk Salmebok, så er utvalet gjort etter norsk forvaltningslov, slik at det skal vere ein viss prosent på dei to målføra.

Haugen antydar at denne skal vere som i NRK - d.v.s. 75 prosent bokmål og 25 prosent nynorsk.

Ny salmebok i haust

I haust kjem forresten ei ny utgåve av Norsk Salmebok. Ho blir presentert i Aure i november. - Eg har ikkje talt kor mange salmar det er på dei ulike målføra, men eg går utifrå at den prosentvise fordelinga mellom bokmål og nynorsk er den same som i dagens Norsk Salmebok, seier Haugen.