Sanitetskvinnene i Haddal hadde kjempetilslag på rjomegrautsalet laurdag. Dei hadde ein mistanke om at det ville kome mange - og hadde kokt ekstra mykje denne gongen - heile 150 liter. Det var ikkje mange litrane att då den siste gjesten hadde gått.

Grendahuset var tidleg tjåka fullt - og det var til tider vanskeleg å finne seg bordplass for dei som ikkje var tidleg ute.

Gjestane såg ut til å kome frå alle bygder i distriktet. Med så stort frammøte vart det også god fres på åresalet.

- Grauten var av første klasse, var den samstemte dommen langs bordrekkene.

Jonsokafta måndag er det nye sjansar til å få seg rjomegraut, med utsal ei rekke stader i området.

Der var ikkje mange ledieg plassar under saniteten sitt rjomegrautsal på Haddal grendahus laurdag.