Ved Rema 1000 i Ulsteinvik sprett det opp ein Uno X-stasjon.

Regionsjef Lill Hege Rostad i Uno X fortel at den sjølvbetente pumpa opnar onsdag eller torsdag neste veke.

Der kan bilistar fylle vanleg diesel og bensin og betale med kort.

–  Skjer det i samarbeid med Rema 1000?

–  Både Uno X og Rema 1000 er eigd av Reitangruppen, difor kjem pumpene våre gjerne ved Rema 1000-butikkar, men me er to ulike firma, svarer Rostad.