Det summar stille frå bikubane på ei mark like ved Høgskulen i Volda, der ei gruppe frå Vestre Sunnmøre birøktarlag var samla laurdag for bigardsvandring. I gruppa er det både veteranar og nokre ferskare birøktarar, som går på kurs i regi av birøktarlaget.

Kåre Oksavik fortel at det har vore ein skikkeleg oppsving i interessa rundt birøkt i Norge den siste tida, og at det spesielt på Austlandet har vore mykje merksemd rundt birøktarkurs.

Men også kursa lokalt har vore populære. I løpet av kort tid vart kurset i Volda fullteikna.

Fokus på å stoppe sverming

– I Oslo har det vore kø for å få vere med på kurs, og at det dukkar opp 17 namn på kurs i Volda er nok ein del av ein trend, fortel Oksavik.

Han meiner dette har med ein del reportasjar om biedød og mangel på insekt, noko som igjen vil kunne påverke bestøving av planter og i verste fall matmangel.

Under bigardsvandringa i Volda vart det fokusert ein del på hindring av sverming, og dette er også viktig under kurset, seier Kåre Oksavik.

– Ein må hindre at avleggjarane og bifolket ikkje flyg på skogen og blir vekke, for det er reint tap.

Lærer av bestefaren

Ein av deltakarane på birøktarkurset til Vestre Sunnmøre birøktarlag er Kornelius Haddal Røssevoll frå Hareid.

– Eg synest det er interessant. Bestefaren min har halde på med dette i over 40 år, og vi hadde bikubar like ved huset, så eg har halde litt på med det sidan eg var liten, fortel Haddal Røssevoll.

No har han fått låne nokre kubar med bestefaren, og Kornelius fortel at han får litt hjelp frå den erfarne birøktaren.

– Bestefaren min seier at ein lærer noko nytt heile tida, ein blir aldri utlært.

Kurset han går på har hatt ein del teori, men skal og ha meir praktisk opplæring, noko Røssevoll Haddal ser fram til.

– Ein lærer mykje av å gjere det med eigne hender, slår han fast.