Politiet oppmodar folk mot å kjøpe tenester frå utanlandske steinleggjarar som no reiser rundt i regioen.

Politiet vil gjerne også ha tips frå publikum viss denne typen steinleggjarar blir observert i nabolaget.

Engelske bakmenn

I fjor vart Sunnmøre oppsøkt av fleire gjengar med utanlandske steinleggjarar. Hovudmennene som inngår "kontraktar" og krev inn pengar er gjerne engelske statsborgarar. Desse ser ein sjeldan eller aldri på arbeidsplassane.

Andre tek seg av å verve personar som kan utføre arbeidet. Dei er gjerne britar, litauarar, tsjekkarar, rumenarar og polakkar, opplyser politioverbetjent Eivind Klokkersund.

Arbeidstilsyn, toll, skattestyresmakter, vegvesen og politidistrikt over heile landet samarbeider for å stoppe useriøs steinleggjarverksemd.

Prøver å framstå som seriøse

- Fleire har steinleggjarfirma som er registrerte i Brønnøysundregisteret og meirverdiavgiftsregisteret. Dette gjer at dei framstår som tilsynelatande truverdige og seriøse. Men sanninga er at mange verken betaler moms eller skatt, fortel regiondirektør Trude Vollheim Webb i Skatteetaten.

Politiet har avdekt at arbeidstakarane svært ofte ikkje har arbeidskontraktar eller ID-kort. Fleire manglar også gyldig opphalds- og arbeidsløyve. Arbeidarane blir stort sett betalt svart, og berre eit fåtal av dei får feriepengar og forsikring mot arbeidsulykker, opplyser Jan Erik Rinnan i Arbeidstilsynet Midt-Norge.