Politiet i Møre og Romsdal meldte torsdag ettermiddag via Twitter at ein person hadde kome ut for ei arbeidsulukke i Fosnavåg, då vedkomande hadde kome i klem.

Politiet oppdaterte like etter med at personen blei frakta til Herøy legesenter, og at vedkomande pusta og var bevisst.

Kl. 15.50 melder politiet at personen har blitt sjekka på legevakta og allereie er tilbake på arbeid.

Politiet opprettar sak.