(NPK-NTB): – Nokre tjuvar tar sikkert sommarferie, men hovudårsaka er nok at det rett og slett er færre syklar på gata når folk ikkje syklar til jobb og skule, seier kommunikasjonsrådgjevar Sigmund Clementz i If.

August er i gang, og dette er den månaden flest stel syklar her til lands. Det viser ein ny analyse frå forsikringsselskapet If. Den absolutte tjuveritoppen er i dagane rundt skulestart.

Analysen viser at talet på sykkeltjuveri går ned i sommarvekene, mens det er eit tydeleg oppsving i tjuveri av syklar rett før sommarferien og rett etter. August er den månaden som har flest sykkeltjuveri, talet er nesten 30 prosent høgare enn i juli.

If rår sykkeleigarar til å bruke to låsar på sykkelen, ta med seg verdifulle delar på sykkelen når dei forlèt den og låse sykkelen der det er stor trafikk av folk for å halde sykkeltjuven borte.