(OSLO/ULSTEINVIK) God ball er mangelvare i Oslo. For 20 år sidan arrangerte derfor ein gjeng sunnmøringar ballfest i Oslo. Med ujamne mellomrom har det sidan vore ballfestar om hausten. Då samlar sunnmøringar og andre vestlendingar seg rundt borda for å ete den litt aparte, tradisjonsrike matretten.
Årets ballkomité har sterke band til Ytre Søre: Bente Riise (Hareid), Ingunn Notøy (Sande), Edel Thoresen Ulstein, (Ulsteinvik), Audhild Tollefsen (Ulsteinvik), Nana Rise Lynum (Hareid) og Njål Grimstad (Hareid).
Kokk Aksel Tingvoll, oppvaksen på Sundgotane, men i dag busett på Valderøya, vart flyboren til Oslo der han i løpet av nokre hektiske timar klarte å lage 450 ballar med flesk i. Eit vilkår for eit vellykka ballemåltid i Oslo er Brudevoll-mòr, og den kom i store mengder med nattbuss frå Ul- steinvik. Saman med rabbe, poteter og bacon vart det eit krunamål.
Kulturmat
Åstaden for etegildet var Samfunnssalen i Oslo Arbeidersamfunn, og langs veggene titta tidlegare Arbeidarparti-kjemper i rammer ned på dei 170 ballentusiastane.
Nana Rise Lynum var programleiar under festen.
– Ball er kulturmat og ein inspirasjon til å gjere store ting, sa Rise Lynum. Ho introduserte kveldens kåsør, Gunda Djupvik frå Leikong, med å seie at her kjem kvinna som burde få sitt eige matprogram på TV.
Gunda Djupvik har alt gitt ut to kokebøker, “Smalhans” og “Safting og sylting”. Ho har matspalte i Sunnmørsposten og matbloggen “Alt godt”. Ingen bør bli overraska viss ho kjem med bok om ball også.
Deilig grå juvel
Kokka og juristen frå Leikong kalla ballen “ein deilig grå juvel”, og kunne fortelje at det skal ikkje reisast langt frå Sunnmøre før du finn dei merkelegaste av-arter av ball. Til dømes “kjøt i pose”, kams og saltball.
Også Fredrik Steen var på podiet med om både ball og Hødd. Han meinte Blåsarane hadde meir svung på sakene no enn på 60-talet då det frå tribunane på Høddvoll kom spreidde rop om “Køyr fram Hødd!”
Då ballen, kefirmjølka (og diverse anna) var fortært, var det klart for dans. Men bandet hadde truleg hatt nytte av litt psykologhjelp då dei ut på natta gjekk av scenen. For dei ballmette sunnmøringane var lite innstilte på dans. Dei flykta i staden ut i gangen for å prate kjenning.