Er du klar for overgangen til DAB-radio?
Det store teknologiskiftet for radio nærmar seg. I ein e-post til kommunane opplyser Medietilsynet at NRK blir teke av FM-nettet i Møre og Romsdal
8. februar 2017, medan dei kommersielle radiokanalane kjem etter 21. april.
- Er innbyggarane i kommunen din budd på dette? spør Medietilsynet.
Regionvis sløkkeplan
FM blir erstatta med DAB+ etter ein regionvis sløkkeplan. Alle rikssende radiosendingar blir heil-digitale. Det betyr at ein må ha tilgang til digitale løysingar i heim, hytte, bil og båt o.s.v. for å kunne følgje med.
Men mange lokalradioar vil sende på FM-bandet også etter 2017-omlegginga.
Så å seie alle DAB+-radioer som har vore selde i Norge dei siste åra kan også ta imot FM-signal.
- Kontakt bilforhandlaren om råd
Dei som ikkje har DAB+-løysing i bilen bør kontakte sine bilforhandlarar for råd om slik løysing. Ved å levere gamle radioar til gjenvining kan 93 prosent av materialet i radioen nyttast til noko nytt.
På Medietilsynet sine nettsider (www.medietilsynet.no/digitalradio) kan ein finne meir informasjon om kanalar, dekning, tunnelar, gjenvinning med meir.