Rolls-Royce har signert ein kontrakt til ein verdi av 30 millionar britiske pund for design og utstyr til eit nytt forskingsfartøy. Fartøyet skal eigast av Natural Environment Research Council (NERC) i Storbritannia. Fartøyet får design UT 851 PRV (Polar Research Vessel) frå Rolls-Royce.

Det 128 meter lange fartøyet skal byggjast av verftet Cammel Laird i Storbritannia, og vil bli brukt til havforsking i både Antarktis og Arktis, i tillegg til å transportere forsyningar til basar i Antarktis. Planlagt levering frå verftet er i 2019.

– Dette er den største enkeltkontrakten på eit UT-fartøy vi har signert til no, og eit veldig spennande prosjekt å jobbe vidare med. I desse tøffe tider er vi sjølvsagt glade for å få solide kontraktar der erfaringane våre frå offshore er gull verdt, sieer Jørn Heltne, SVP for sal av Ship Design and Systems i Rolls-Royce.

Prosjektet representerer også eit av dei største kommersielle skipsbyggingskontraktane i Storbritannia nokon gong.

– Britane har vald å byggje eit skip med ein krevjande spesifikasjon, og vi er stolte over at dei valde både Rolls-Royce design og ein solid pakke med vårt mest avanserte skipsutstyr, seier Helge Gjerde, President Offshore & Merchant Solutions i Rolls-Royce.

I kravspesifikasjonen ligg mellom anna Polar Code 4 isklasse, kapasitet til å vere sjølvforsynt med drivstoff og forsyningar på reiser opp til 19 000 nautiske mil, plass til opptil 90 personar om bord, stor lastekapasitet og hangar for helikopter. Om bord vil det også vere fleire avanserte forskingslaboratorie.

Utstyret som Rolls-Royce skal levere inkluderer motorar frå Bergen Engines (B33:45) og to CPP propellar (Controllable Pitch Propellers) med ein diameter på 4,5 meter kvar. Fartøyet skal kunne bevege seg gjennom is som er ein meter tjukk og samtidig lage lite støy under vatn. Dette er viktig både for å unngå å forstyrre livet i havet og for måleutstyret til forskarane.

Automasjon og kontrollsystema kjem også frå Rolls-Royce. Mannskapet på skipsbrua vil få dei mest avanserte og brukarvennlege verktøya som finst i dag, med DP og Unified Bridge. Medan ein avansert pakke dekksmaskineri skal bidra til at fartøyet kan setje ut, kontrollere og hente opp forskingsutstyr.

Havforskningsinstituttet i Noreg har også eit Rolls-Royce-utvikla isgåande forskingsfartøy under bygging. FF Kronprins Haakon blir 100 meter lang og blir bygt i Italia.