Rekneskapen til Ulstein kommune for 2015 viser eit positivt netto driftsresultat på 15,84 millionar kroner. Det er 10,156 millionar kroner betre enn budsjettert. Netto driftsresultat utgjer 2,7 prosent av driftsinntektene.

God skatteinngang

Skatteinntekta for 2015 vart vel 28 millionar kroner høgre enn budsjettert. Ulstein kommune hadde ein skatteinngang på 117,4 av landsgjennomsnittet.

På grunn av den høge skatteinngangen fekk kommunen eit trekk i rammetilskotet på 25,6 millionar kroner gjennom inntektsutjamninga. Såleis vart netto skatteinngang redusert til 105,8 % av landsgjennomsnittet.

Styrkar driftsfondet

Netto meirinntekt på skatt i høve til budsjettet vart på 6,6 millionar kroner. Det er avsett 6,74 millionar til disposisjonsfondet. I tillegg kjem det rekneskapsresultatet på nesten 8,5 millonar. Til saman styrkar kommunen driftsfondet med 15 millionar.

Ulstein kommune kom godt utav det i årets pensjonsoppgjer.

Rekneskapen for 2015 kjem opp i Ulstein formannskap onsdag 18. mai.