Politiet i Møre og Romsdal har laurdag gått ut med ei melding der dei åtvarar mot svindelforsøk.

Politiet skriv at dei har blitt kontakta av fleire som opplyser å ha blitt kontakta av nokon som hevdar å vere frå politiet. Ifølgje politiet har det blitt spurt om personopplysningar og kontoopplysingar, og politiet ber dei som blir kontakta på denne måten om å legge på.

«Politiet ringer aldri og ber om dette», blir det slått fast frå politiet.