Då Hareid formannskap i siste møte behandla oppstart av arbeidet med kommunal planstrategi 2016–2020 sa Kristian Fuglseth (Folkelista) at det var den viktigaste saka denne dagen.

Han synest det er greitt at Hareid skal jobbe for fortetting i sentrum, men samstundes må ein hugse på krinsane. Det er ikkje slik at alle som flyttar til Hareid vil bu i sentrum, dei flyttar også til Hjørungavåg og Brandal. Det er viktig at kommunen har tomter også i krinsane, så folk har fleire val.

Stian Runne Brandal (Arbeidarpartiet) påepeikte då at det er ikkje nok å ha tomter i krinsane, det må vere attraktive tomter.

Fuglseth hadde fleire idear kommunen burde ta med seg vidare. Mellom anna meiner han at kommunen bør bli flinkare til å ta med seg naboar på tur ved reguleringssaker. Slik kan kommunen få innspel om det er nko kommunen bør tenkje på. Om innbyggjarane blir involverte i prosessen, kjem det ikkje inn så mange klagar i ettertid. Ein bør også ha fleire folkemøte. – Det handlar om å bruke eit språk folk forstår, meinte han.

Annika Brandal (Venstre) meinte det kan vere lurt å involvere lokale grendelag når ein arrangerer folkemøte i krinsane.