Men rådmennene orsakar seg med at barnevernet opplever eit stadig større krysspress der ressursane må konkurrere om tid til borna og krava til oppfølgjing av forskrifter, tidsfristar og kontrollar.

Rådmennene peiker også på at analysen burde ha konsentrert seg om året 2016 (og ikkje 2013-2015), sidan dette er det første normale driftsåret etter at barnevernstenestene i fleire kommunar på søre Sunnmøre vart samanslegne.

Men til dette svarar kommunerevisjonen at barnevernsområdet er eit så viktig område at ein til ei kvar tid må sikre at systemet fungerer i samsvar med gjeldande regelverk.

– Det er uheldig dersom endringsprosessar fører til manglande oppfølgjing slik at rettstryggleiken til barn og foreldre ikkje blir ivareteken, skriv dei.

Kommunerevisjonen sitt oppdrag har vore å sjå på korleis barnevernet i dei ulike kommunane iverksette lovpålagde tiltak før og etter omsorgsovertakingar i perioden 2013-2015.

Betaler ut mykje meir enn standard-satsane tilseier

Undervegs i arbeidet kom det også innspel på at undersøkinga burde sjå på kommunane sin praksis når det gjeld utbetaling av arbeidsgodtgjerdsle og utgiftsdekning til dei fosterfamiliane som tek over omsorga. På dette området viste undersøkinga at samtlege kommunar – med unntak for Sande – ligg langt over KS sine standardsatsar.

Undersøkinga går ikkje nærare inn på dette, men går utifrå at det handlar om «frikjøp», d.v.s. refusjon for tapt arbeidsforteneste.T. d. betalte barnevernet i Ulstein i 2015 arbeidsgodtgjerdsle, utgiftsdekning og frikjøp utover KS sine satsar for kr. 2.844.126. Det vil seie ein meirkostnad på kr. 158.007 per barn.

For Hareid sin del var desse meirutbetalingane på totalt 1.813.246 kroner, som gir kr. 139.480 i meirkostnad per barn – ein del mindre enn Ulstein. Volda hadde størst meirutbetaling med kr. 181.510 per barn, medan Sande – som den einaste kommunen – ikkje betalte utover KS sine satsar.

Langt færre tilsyn enn lovpålagt

Ved siste nyttårsleite hadde Ulstein kommune 21 eigne «omsorgsbarn». 4 var plasserte i Ulstein kommune, 14 i andre kommunar og 3 på institusjon.

Kommunen har i tillegg tilsynsansvar for fem born frå andre kommunar som er i fosterheim i Ulstein.

Hareid hadde på same tidspunkt 16 eigne «omsorgsbarn». 2 var plasserte i Hareid kommune, 14 i andre kommunar. Hareid hadde elles særleg mange fosterbarn frå andre kommunar (10), som barnevernet i kommunen då har hatt tilsynsansvar for.

Konklusjonen for både Hareid og Ulstein når det gjeld oppfølgjinga av omsorgsborna, er at denne er svært mangelfull. I begge kommunar er det avdekt stor svikt i tilsyn og oppfølgjing. Når eit barn blir overført til ein fosterheim, skal det ha minimum 4 tilsyn i året. Dersom forholda i fosterheimen blir vurderte som gode, kan ein redusere til 2 tilsyn for barn som har vore plasserte i meir enn to år.

Undersøkinga viser at ingen av tilsynsborna (det gjeld både Hareid og Ulstein) har hatt fullt rettmessig tilsyn desse tre åra. Det har vore svært sporadisk.

For Hareid sin del nemner barnevernsleiaren at dei ikkje har vore så medvitne i måten å dokumentere tilsynsbesøka på. Noko som skulle bli innskjerpa i 2016.