Det er berre 45 prosent av normalnedbøren for dei fire månadene. Denne er nemleg på  525 mm.

Per 14. mai var mai-nedbøren komen opp i 41,4 mm. Normalen for heile mai i Hareid er 73 mm. Mai er dermed den månaden som har minst nedbør i Hareid, tett følgt av juni, som har ein normalnedbør på 78 mm. Dersom mai og juni 2013 får normalt med nedbør, vil nedbøren i Hareid 1. halvår 2013 bli på berre vel 380 mm.

Normal årsnedbør i Hareid er på 1720 mm, målt etter nedbørsnormalen for perioden 1961-90.

I vinter var Hammarstøylsvatnet godt nedtappa, men med snøsmeltinga har vatnet fylt seg opp att. Vi skal likevel merke oss at snøen no er ute av fjella og at den normalt tørre forsommaren kan kome til å føre til stor nedtapping av Hareid si hovudvasskjelde.