4. februar var manifestet til handsaming i "Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Hareid". Rådet vedtok samrøystes å sende manifestet vidare til handsaming i kommunestyret - slik at det kunne vart forpliktande for politikken i kommunen. Men så langt vil ikkje rådmann Aschehoug strekke seg. I sakskommentaren seier han seg svært positiv til mange av dei grunnhaldningane som kjem fram i dokumentet - grunnhaldningar som peiker på at det fysiske miljøet og aktivitetane i kommunen blir lagt til rette slik at alle - også dei funksjonshemma - kan delta i samfunnslivet på lik linje. Når rådmannen ikkje vil ha manifestet som overordna styringsdokument for kommunen, er det fordi det er "for polemisk i forma". Rådmannen viser her til hovudtesen i dokumentet - at "frihet er overordnet kommunalt skjønn". Dette kan tolkast dit at det må vere den einskilde som definerer behova sine og at kommunen ikkje skal kunne overprøve dette - og heller ikkje kontrollere korleis tildelte ressursar blir nytta. - Dette er ikkje i samsvar med den plikta kommunen har til å syte for likeverd i tenester utifrå individuell vurdering av den einskilde sine behov. Det står også i strid med omsynet til god ressursutnytting, skriv rådmannen. Rådmannen meiner også at manifestet argumenterer for sterkt for bruk av brukarstyrte personlege assistentar. Rådmannen konkluderer med at det vil vere tenleg med ein politisk diskusjon om dei problemstillingane manifestet reiser, men han tilrår kommunestyret å avgrense seg til å berre ta manifestet til orientering. Saka kjem opp i Levekårsutvalet komande tysdag 2. juini.

Rådmann Arne Gunnar Aschehoug synest ikkje at den enkelte funksjonshemma sin fridom skal vere overordna kommunalt skjøn.