Begge kommunane har fått seg eit nytt hopp oppover i år. Statistisk Sentralbyrå, som har framskrive folketala i dei to kommunane pr. 1. januar 2013 - utifrå situasjonen 1. desember - har funne ut at Ulstein vil auke folketalet i år med 111 til 7.939 - medan Hareid vil auke med 72 til 5.072. Det gir tilsaman 13.011 innbyggarar.
Men det er Volda og Herøy som har vakse mest i år. Voldingane aukar med 148 til 8.841, medan herøyværingane blir 133 fleire - til 8.860. Ørsta har hatt ein folkeauke på 90 (til 10.488), medan Sande går opp 26 - til 2.614.
Den einaste kommunen på Søre Sunnmøre som går ned i folketal i år, er Vanylven, som minkar med 48 til 3.340.
Ålesund passerer 45.000 for første gong - etter ein folkevekst på 615. No er dei 45.031.
Statistisk Sentralbyrå presiserer at prognosane er laga utifrå situasjonen 1. desember. Dei strekar også under at 72 prosent av folkeauken skriv seg frå innvandringsoverskot frå frå utlandet.