Alt skulle ligge til rette for ei tradisjonell jonsokfeiring - i alle fall vêrmessig. Yr melder i sitt langtidsvarsel at det vert ein temmeleg kjøleg midtsommarkveld den 23. juni.

Dagen startar nokså grått med skya vêr og rundt åtte stusslege varmegrader. Utover dagen letnar skydekket litt, men temperaturen vil ikkje ligge på meir enn 10-12 grader. Litt nedbør på ettermiddag/kveld vil syte for den perfekte jonsokstemninga.

Strikkagensar og ei god jakke burde vere eit høveleg kveldsantrekk. I tillegg kan det vere bra å ha eit jonsokbål å varme seg ved.