Bell Ungdomsklubb sitt crew skal på avslutningstur til Leikongeidet for å køyre gokart og grille, og difor er det ikkje ope på ungdomsklubben tysdag kveld.-Vi vil takke ungdomsrådet i Ulstein som støttar økonomisk slik at dei ungdommane som har vore med og hjelpt til frivillig på klubben gjennom skuleåret kan få ei påskjøning som dette, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin.

Siste Bell-kveld fredagDet nærmar seg sommarferie også for ungdomsklubben.

Siste opningskveld vert fredag 20.juni. Vanlegvis er aldersgrensa frå 8.klasse fredagar, men på den siste fredagen før sommaren er også 7.klassingane velkomne.-Eg vil nytte høve til å takke alle ungdommar for eit flott Bell-år. Eg kjenner meg heldig som er ungdomsarbeidar i ein kommune med mange kjekke ungdommar. Bli med og feire sommarferien på fredag, oppmodar Marie Flatin.