Svein Rødset var ein av mange som reiste med ferja frå Hareid ferjekai til Sulesund torsdag ettermiddag. Han fortel om lange køar på begge sider av Sulafjorden, og fleire titals bilistar som måtte stå igjen på fleire avgangar etter kvarandre.

- Eg har reist mykje med ferja på ettermiddagstid, og at det står att nokre bilar skjer av og til. Men i dag var det ekstra mange. Eg vart forskrekka av å sjå alle dei som måtte vente. Situasjonen er rett og slett uhaldbar, fortel Rødset til Vikebladet Vestposten.

- Samfunnsøkonomisk katastrofe

Ferjestrekninga Hareid - Sulesund har lenge vore eit politisk og samfunnsmessig tema på Hareidlandet, men Rødset meiner at politikarane lokalt og nasjonalt no verkeleg må trå til.

- Berre det at "MS Ullensvang" kjem hit for å erstatte ei av dagens ferjer er jo ei samfunnsøkonomisk katastrofe. Når ein ser kor mange bilar som står att på ordinære avgangar med dei ferjene vi har i dag, og så skal ei av dei erstattast med ei eldre, dårlegare ferje, ja då får ein store problem. Dette er hovudsamferdselsvegen vår, og politikarane må no verkeleg innsjå problemet, seier Rødset.

Mange spørsmål som må stillast

Rødset har tidlegare vore leiar i Mafoss, eller Maritim Forening Sunnmøre, men uttalar seg i dette tilfellet som privatperson. Han er uroa over utviklinga, med ein stadig trafikkauke og dårlege løysingar.

- Eg ynskjer at folk generelt, og ikkje minst dykk i media, held eit kontinuerleg trykk på dei politiske myndigheitene, både dei lokale og nasjonale. Spesielt no som det er kommuneval neste år. Ei sak lokalpolitikarar kan vinne på er at dei vil jobbe for å få til ei god løysing på denne problematikken, og ikkje seie seg einige med dei løysingane som no er jobba fram. Er det greit at til saman 500-600 bilar står att på begge sider av Sulafjorden kvar dag? Nei meiner eg, og det trur eg svært mange andre også tenkjer, seier Svein Rødset avslutningsvis.