– Dette er ei behandlingsform som starta på 50- og 60-talet i USA, fortel kurshaldar Bjørnar Williassen og legg til at det mellom anna kan nyttast mot kroniske spenningstilstandar og muskelknutar.

Naprapaten med lang tids erfaring frå undervisning både i Norge og Sverige var på plass hjå Nordvest Naprapatklinikk i Ulsteinvik, der han heldt kurs for både naprapatar og fysioterapeutar frå Sunnmøre.

Williassen fortel at dry needling kan vere eit alternativ ved behandling av djup muskulatur.

– Det er eit fantastisk verktøy der fleire andre behandlingsformer ikkje når ned, forklarer han.

Etterspurnad

Ole Theodor Hovden i Nordvest Naprapatklinikk fortel at dry needling-kurset gir deltakarane meir kompetanse og ein annan måte å behandle pasientar på.

– Nyleg har vi også investert i to trykkbølgjemaskiner, og vi styrkar det totale behandlingstilbodet vårt. Det er noko både private, bedrifter og forsikringsselskap etterspør, fortel Hovden.

Williassen seier at fleire bedrifter knyt til seg naprapatar.

– Fleire vil ta tak i problematikk med smerter i musklar og ledd der og då.

Under kurset med Williassen i Ulsteinvik, var det med fire tilsette frå Nordvest Naprapatklinikk, samt fire eksterne deltakarar frå Sunnmøre.

– Med ei gruppe på denne størrelsen får eg følgt opp alle og får nok tid til dei. Samstundes har deltakarane så mykje kompetanse at vi får til dei gode diskusjonane, og dei kjem med gode innspel, fortel kurshaldaren.

Spent på langtidsverknadane

Ei av dei som deltek på kurset er Ann-Magritt Ytre-Hauge som arbeider som fysioterapeut i Fosnavåg.

– Eg blei med på kurset for å få ei auka forståing av tilboda som kjem på marknaden. Det er bra å vere litt nysgjerrig.

Ytre-Hauge fortel at dry needling gir eit nytt verktøy i ryggsekken, og at ho er spent på å sjå langtidsverknaden på pasientar.

Ho ser også fordelane med at naprapatar og fysioterapeutar kan møtest på slike kurs.

– Vi bryt litt grenser, ser kva dei er gode på og kan bruke kvarandre meir effektivt.