Rolls-Royce har inngått kontrakt om å levere ein unik pakke med avansert skipsutstyr til eit nytt offshore konstruksjonsfartøy for Volstad Shipping AS. Fartøyet skal byggjast i Tyrkia, og er designa av Skipsteknisk.

Kontrakten har ein verdi på omlag NOK 135 millionar for Rolls-Royce.

Leveringa inkluderer den nye Unified Bridge frå Rolls-Royce, og den første kommersielle leveringa av permanent magnet tunnel-thrustere (PM-TT).

PM-TT er eit nytt tilskot til Rolls-Royce's thruster-familie, og byggjer på ei heilt ny tilnærming til thruster-design og motorintegrering. PM-TT er ei kompakt løysing som oppfyller dei strengaste krava til yting, støy og vibrasjonar.

I tillegg skal Rolls-Royce levere azimut-thrustere, motorar, dynamisk posisjonering, automasjon, navigasjon, tavler, skap og elektromotorar.

– Volstad Shipping vil få eit fartøy som er nyskapande frå kontrollsenteret på toppen med Unified Bridge, ned til den aller nyaste thruster-teknologien under vasslinja. Offshore-teamet vårt har jobba tett med reiarlaget og designselskapet for å utvikle dei innovative funksjonane i dette fartøyet, seier Olav Haug Vikebakk, salssjef i Rolls-Royce Marine.

Fartøyet er 125 meter langt og designa for operasjonar i arktiske farvatn. Designet er av typen ST-259 frå Skipsteknisk, og er under bygging på Tersan verftet i Tyrkia. Fartøyet vil bli levert i andre halvdel av 2015.