UlsteinTen-Sing inviterer til konsert i Ulstein kyrkje onsdag den 11. juni under Smak av Ulstein. Det blir både song, allsong og appell.

Beate Mjøen Berg, som er vaksenleiar for Ulstein ten-sing, trur konserten blir svært bra og spennande.

Gratiskonsert

Det vert gratis inngang, men det vert tatt opp kollekt for dei som vil gje ei gåve til Tensing

Ulstein Tensing vil framføre ein god miks av ulike songar dei har øvd på i vinter. Under konserten vil det også vere allsong og appell.

Både drivne og nye

Under konserten skal både nytt band og ny dirigent få prøve seg. Dette blir sjølvsagt svært spennande.

Bandet som har vore med ten-sing dei siste tre åra skal no slutte, og lagar dermed rom for at nye musikarar får moglegheit til å prøve seg. Under konserten vil både det gamle og det nye bandet vere

Appellen vil bli halden av kateket Bjørn Losvik.

– Vi håper mange, både ungdommar, born og vaksne vil komme å høyre på dei flotte ungdommane i Ulstein ten-sing, avsluttar Beate med eit smil.