Havila Shipping ASA har inngått kontrakt med Mærsk Oil for Havila Fortune for eit år med opsjon på til saman tre år til.

Kontraktsreservar på 4 milliardar kroner

Fosnavåg-reiarlaget sine faste kontraktsreservar er med desse kontraktane på godt over fire milliardar kroner, og til saman seks milliardar kroner medrekna opsjonar.

Dette er den fjerde kontrakten det børsnoterte Fosnavåg-reiarlaget inngår med Mærsk Oil 6 Gas i 2014. I mai teikna dei kontraktar for Havila Clipper, Havila Herøy og Havila Fanø med same selskap.

Administrerande direktør Njål Sævik er glad for framgangen til Havila Shipping.

- Målet om aksjeutbytte snart nådd

- Dette er godt nytt for både tilsette og aksjonærane. Vi er allereie sikra inntekter i 2014 og 2015 som dekkjer kostnadene våre. Målet om å dele ut utbytte til aksjonærane for 2014 er i ferd med å bli nådd. Eg reknar det som temmeleg sikkert at vi får det til, heiter det i ei pressemelding.

For 2015 er kontraktsdelen allereie på over 70 prosent, som er det selskapet treng for å gå med overskot. Det betyr at alt som kjem av kontraktar frå no og det neste halvanna året går rett på botnlinja til selskapet. For 2016 er kontraktsdekninga allereie på 56 prosent.

Driftsresultatet i Havila Shipping var i fjor det beste så langt i den 11-årige historia til selskapet.