Einar Holm reagerer med undring på vedtaket i formannskapet førre veke og prosessen kring salet av Hareid Godsterminal og arealet rundt til Dimo AS for 4,6 millionar kroner. Sjølv om det ikkje har med den aktuelle saka å gjere, så var det medan han var ordførar at godsterminalen og anlegget rundt blei bygd. Difor er han interessert i ei best mogleg framtid for arealet.

- Det var ikkje urimeleg å leige vekk arealet til Dimo, og at ein hadde ein gjensidig avtale om at dei stod for ekspedering og nytte av arealet. Eg ynskjer Dimo alt godt. Men, når ein skal selje offentlege eigedommar må ein vere hundre prosent sikker på at ein fylgjer oppskrifta til punkt og prikke, seier Holm og legg til:

- Ein kommune plikter å få mest mogleg ut av det ein forvaltar. Det bør vere utgangspunktet. Ein kan ikkje seie at ein har gjort nok ut av det når ein berre har lyst det ut i eit par media, der det eine har særs lite dekning, seier Holm, og siktar til at utlysinga av bodrunden ifølgje FrP-politikar Perny Ann Nilsen berre gjekk føre seg i éi avis og på kommunen sine heimesider.

Holm var ordførar i Hareid i fire periodar for Venstre og seinare Tverrpolitisk liste. Han stiller seg spørjande til kvifor salet ikkje vart tatt opp i kommunestyret.

- Ein hadde tent meir på at saka først blei skikkeleg vurdert av kommunestyret, og kanskje også juridisk. Dessutan er det litt kortsiktig tenking av kommunen når ein ikkje kan vente og sjå an utviklinga i regionen. Leigeavtalen burde heller forlengast. Her på Ytre finnast det ikkje andre djupvasskaier knytte til ein offentleg godsterminal, seier Holm.

- Fylket hadde ikkje godkjent

Holm undrar seg også over at salssjefen i Dimo var av dei som stemte for salet, då han sit i formannskapet for partiet Venstre.

– Einar Warholm burde vore erklært inhabil, når han sit i leiinga i ei bedrift av så liten målestokk. Spesielt når saka blei avgjort med 4 mot 3 stemmer. Eg trur ikkje fylkesmannen hadde godkjent denne prosessen, seier Holm.

- Bør til Kontrollutvalet

Han meiner dette er ei sak for Kontrollutvalet, både når det gjeld pris, formalitetar rundt salet, og inhabilitet.