Hareid kommunestyre vedtok torsdag med 12 mot 9 stemmer at Hareid Pizza & Pub likevel ikkje skal få skjenke brennevin med inntil 60 prosents styrke.

Debatten starta med at Dag Eliassen (Folkelista) måtte vedgå at han hadde «sove» då formannskapet sa ja til alkoholskjenking på opptil 60 prosent. Han meinte at grensa måtte gå ved 22 prosent.

– Eg var ikkje klar over at dei ikkje hadde brennevinsløyve frå før, og då er det ikkje naturleg at dei får det no, sa Eliassen.

Som vanleg var det representantane frå Høgre og FrP som la seg på den mest liberale linja. Men også AP-representanten Stian Runne Brandal talte for slikt løyve i det han meinte at kontrollen rundt slike skjenkeløyve elles var så god at politikarane ikkje skulle peike på kva kva som var best.

Ordføraren stemte nei

Det som snudde saka, var kanskje at ordførar Anders Riise (H) vende tommelen ned til spritløyve med den grunngjevinga at kommunestyret tidlegare i perioden hadde nekta Napoli eit slikt løyve. Og då ville det bli forskjellsbehandling å seie ja til pizza-puben. Han meinte at dei derfor i alle tilfelle måtte vente til det vart opna for fornying av skjenkesøknadene i 2016.

– Set fram bollar i Ulsteinvik

Det var Kristian Fuglseth (Folkelista) som starta «a la carte-debatten». Etter at Ottar Røyset (H) og Truls Håbakk (FrP) hadde peikt på at alkoholtilbodet i Hareid ikkje var fullverdig og at folk reiste til Ulsteinvik for å få sprit i glasa, sa Fuglseth at brennevinsskjenkinga i Ulsteinvik var knytt opp mot «a la carte»-menyar. Ein måtte ete for å få alkohol med høg styrkegrad.

Dette beit Stian Runne Brandal (AP) seg merke i og hevda at praksisen i Ulsteinvik ikkje var slik Fuglseth framstilte det:

– Eg har sjølv sett at dei set fram ei korg med bollar og rundstykke – og dermed får skjenkt brennevin. Dei finn lett smutthol i regelverket.

Kjersti Røyset Topphol (KrF) sa seg forundra over Runne Brandal si ytring om at politikarane ikkje skulle sitje og bestemme kva som var best for folk. – Det er då nettopp derfor vi sit her i kommunestyret, sa ho og meinte elles at det Hareid trongde mest av alt, var ein utestad utan skjenkeløyve der også ungdomar kunne gå. – Det er større behov for det enn meir alkohol på ein utestad, sa ho.