Den første av dei to politimennene som var først på staden skal no utspørjast. Han er politibetjent i Sunnmøre politidistrikt.

Den første av dei to politimennene som var først på staden skal no utspørjast.

Han er politibetjent i Sunnmøre politidistrikt.Poltimannen fortel at han var på vakt saman med politiførstebetjenten denne natta.

Rundt klokka 04.45 på natta fekk dei beskjed om at ein person hadde blitt slått med ei flaske, men trudde ikkje det var ei spesielt alvorleg sak.

Dei var raskt framme på staden, ved firemannsbustadane på Dimna.

Dei såg lys i leilegheita i andre etasje, og gjekk inn.

Tiltalte gret

Dei gjorde seg til kjenne som politi. Dei hører ei mannsstemme og går mot døra til soverommet.

Då kjem tiltalte ut.

- Tiltalte er ute av seg, han gret.

Han seier han har slått ein annan med ei flaske.

Dei går saman inn på rommet, der fornærma sit, delvis ligg i senga.

Det var mykje blodsøl.

Politibetjenten fortel vidare om inntrykket av tilstanden til Preben Mikael Dimmen, men av hensyn til familien vel underteikna ikkje gå mykje meir inn i detaljane.

Politibetjenten fortel at han hadde store hovudskadar.

Han fortel vidare at han blei frakta ut i ambulansen når den kom.

Politibetjenten gjekk då opp igjen i leilegheita, der politiførstebetjenten hadde hatt ein samtale med tiltalte.

Dei gjekk ut i garasjen, der dei samtalte med tiltalte.

- Eg slo og slo

Han fortalte til politiet at han hadde kome inn på soverommet og sett den fornærma liggande i senga.

- Eg slo og slo og slo, sa tiltalte til politimennene.

Politimennene kjente det lukta det alkohol av tiltalte.

Poltibetjenten fortel at dei transporterte tiltalte over til Sulesund, der han blei henta av ein annan bil.