Appen «Sarahah», der namnet betyr «ærlegdom» på arabisk, var på eit tidspunkt i sommar den mest lasta ned på teknologigiganten Apple sin App Store på verdsbasis. I skrivande stund har appen, som gjer det mogleg for brukarar å sende anonyme meldingar til andre, over 100 millionar registrerte brukarar. Den siste tida har applikasjonen blitt gjenstand for kritikk, då det i stadig fleire tilfelle har føregått mobbing via den. Den har difor blitt kalla for ein «mobbe-app».

I laurdagsutgåva sist veke kunne Vikebladet Vestposten fortelje at elevane ved Hareid ungdomsskule både har hatt, og framleis har appen lasta ned på smarttelefonane sine. Elevrådsleiaren og fleire medelevar gjekk i same avis ut og åtvara mot å bruke applikasjonen.

Ønskjer å stoppe mobbing

Det er den saudiarabiske programmeraren Zain al-Abidin Tawfiq som står bak «Sarahah». Han har fleire gonger tidlegare forklart seg på vegner av utviklarstaben, til internasjonale medieaktørar som til dømes BBC og CNN. (Eksterne lenkjer). Vikebladet Vestposten fekk kontakt med Tawfiq i slutten av førre veke, og fortalde han om situasjonen ved Hareid ungdomsskule. Han fortel på vegner av heile «Sarahah»-teamet at det er sterkt beklageleg at også ungdommar i Norge og meir spesifikt på Hareid, opplever mobbing via appen dei har skapt.

– «Sarahah» er fullt ut medvitne om at konseptet vårt kring anonyme tilbakemeldingar, den einaste måten å oppnå oppriktige og ærlege tilbakemeldingar, også kan gjere appen til eit mål for misbruk, til dømes mobbing. Sarahah-teamet tek dette svært alvorleg. Å beskytte folk mot nettopp mobbing er eit overordna mål for oss innanfor alle våre operasjonar, seier Zain al-Abidin Tawfiq.

App-skaparen fortel at det er mogleg for brukarane å seie ifrå til dei, om dei opplever å bli plaga.

– Vi i Sarahah veit at verda blir smartare for kvar dag som går når det gjeld å beskytte seg mot slike trugslar. (...) Sarahah tek også tilbakemeldingar frå brukarane sine på største alvor. Applikasjonen gir brukarane moglegheita til å rapportere problem ein møter på, inkludert forsøk på mobbing eller mobbing. Vi gjer det som er naudsynt for å hindre at det som blir rapportert ikkje skal skje igjen, seier Tawfiq.

Ingen er heilt anonyme

Han seier at «Sarahah»-brukarane er anonymiserte når dei sender meldingar til andre, men samstundes at utviklaren ikkje vil nøle med å gje politiet informasjon om brukarane, til dømes IP-adresser, dersom det føregår mobbing, sjikanering og anna via applikasjonen.

– Det står klart i vår erklæring om personvern og bruksvilkår at dersom vi blir offisielt kontakta i høve lovbrytande aktivitetar, så kan me gi påtalemakta informasjon om avsendar og IP-adressa til vedkomande. Vi veit ikkje via IP-adressa kven personen er, men det kan politiet finne ut med denne informasjonen, seier Zain al-Abidin Tawfiq.

– Ingen grunn til å ha den

Overbetjent Pål Inge Olsen i Møre og Romsdal politidistrikt jobbar med førebyggjande arbeid på heile Søre Sunnmøre. Berre ein halvtime før Vikebladet Vestposten kontakta han måndag morgon, fekk han ein telefon frå ein uroa rektor ved ein skule på Søre Sunnmøre.

– Denne applikasjonen har eg høyrt mykje om siste tida. Den er diverre berre den siste i ei lang rekkje av liknande appar. Eg vil seie til både ungdommar og føresette som les dette; det er ingen grunn til å ha denne appen. Vil du unngå problem så ikkje last den ned. Dette var også beskjeden eg gav då Jodel herja som verst. Det er lett for born og unge å få tak i slike appar, og eg vil difor rå dei vaksne til å passe betre på kva borna deira lastar ned, seier overbetjent Olsen.