– Det er større enn eg trudde, og den utvendige fasaden er både stilig og moderne. På førehand hadde eg ikkje tenkt så mykje på korleis Ulstein Arena kom til å sjå ut, seier Låbakk.

Han er elektrolærling i Tussa Installasjon, og har jobba på Ulstein Arena det siste året.

– Det har vore veldig interessant å følgje byggeprosessen, fortel han då lokalavisa møter han i gangen mellom klatrehallen og garderobane til symjehallen.

– Travle dagar

Tussa Installasjon er berre ein av dei mange underleverandørane på anlegget. I fellesferien jobba rundt tjue personar med mellom anna flislegging og anna arbeid som krev lite trakking rundt på anlegget. No er det rundt åtti arbeidarar i sving dagleg.

Ivan André Johnsen er formann på byggeplassen. Han koordinerer det meste, bortsett frå betong- og grunnarbeidet.

– Vi har travle dagar og jobbar rundt førti timar i veka, fortel han.

Han har fersk røynsle frå store prosjekt som Åse omsorgssenter i Ålesund og Valderøy barneskole i Giske.

Korleis vil du skildre dette prosjektet, samanlikna med andre bygg du har leia?

– Ulstein Arena er ikkje akkurat piece of cake, det er eit utfordrande prosjekt. Her er mange vinklar- ikkje berre nitti graders- og mange vanskelege løysingar, fortel han.

Bygget skal etter planen stå ferdig i slutten av november, klarer de det?

– Ja, eg meiner vi er i rute no, spesielt etter at vi fekk unna ein del arbeid i sommar.

– Kjem til bli brukt

Johannes Osnes Låbakk har eit halvt år igjen som lærling før han skal ta fagbrev som elektrikar.

– Eg satsar på vidare jobb, men marknaden er litt laber for tida. Så då vert det kanskje vidare skule, fortel han.

Han hadde ikkje gjort seg opp så mange tankar om Ulstein Arena før han starta å jobbe der. No seier han folk berre må glede seg til bygget står ferdig til bruk.

– Det er eit veldig spennande prosjekt og eg må seie at det er kjekt å få vere med på bygginga. Ulstein Arena kjem til å verte ståande her lenge, då er det litt artig at eg kan seie at eg var med og bygge det, seier tjueåringen, og held fram:

– Det er mange som meiner at prosjektet kostar for mykje, men tenk på dei som går på skule og driv med fritidsaktivitetar. Bygget kjem som sagt til å stå her lenge, og det kjem til å verte mykje brukt, det er eg heilt sikker på.

Han fortel at han har hatt ei svært variert læretid og har fått gjort veldig mykje.

– Eg har installert nesten alt lyset i taket, så folk kan sende meg ein tanke når dei ser lysa der, ler han.

Formann: – Prosjektet er ikkje akkurat piece of cake, det er utfordrande, seier arbeidsformann Ivan André Johnsen. Foto: Linda Eikrem