For det var det utøvarane frå Dimna IL brukte fredag, laurdag og søndag på. Då arrangerte ein nemleg «supermangekamp» med 30 ulike friidretts- og team athletics-øvingar på fleire ulike arenaer i kommunen.

På programmet stod mellom anna fleire sprintøvingar, hekkeløp på både kortare og lengre distansar, kappgang, samt tekniske øvingar innan hopp og kast. Det var med andre ord viktig å takle fleire typar øvingar og å kunne stå løpet ut. For 30 øvingar i løpet av tre dagar er ingen spøk, og berre dei som fullførte alle 30 kom med på den endelege resultatlista. Her var det berre dei 25 beste øvingane som vart tekne med i samandraget, men alle 30 måtte fullførast. Alle resultata vart rekna om til poeng etter Tyrvingtabellen, eller 19 årstabellen.

Sætre og Svoren heilt til topps

Dimna IL har arrangert liknande supermangekampar tre gongar tidlegare, men nivået på årets vinnarar var rekordhøgt.

Og sjølv om dette i utgangspunktet var ei intern konkurranse, var det faktisk ei jente frå Fiskå IL som gjekk heilt til topps i den eldste klassen. Caroline Sætre går på skule i Ulsteinvik, og trenar mykje saman med Dimna-utøvarane. Ho har allereie markert seg med sterke resultat nasjonalt, og var også sterkast under supermangekampen. Der enda ho opp med 18.542 poeng. Jonas André Ose tok andreplassen med 17.089 poeng, medan Mats Fredriksen oppnådde 16.240 poeng og tok tredjeplassen like framom Anna Kleven.

I den yngste klassen, for utøvarar som er 13 og 14 år, var det Camilla Svoren som gjekk til topps. Ho fekk 13.722 poeng og var 100 poeng framom Martine Amalie Dimmen på andreplass. Rikke Rogne Stornes sikra seg tredjeplassen.

Viktigast å fullføre

Dimna IL-trenar Arve Hatløy understrekar samstundes at det ikkje var resultatet som var det viktigaste under supermangekampen, men i staden det å fullføre konkurransen. Difor vart det også trekt ut hovudpremiane mellom alle som fullførte. Her vart vinnarane: Svale Flø, Marie Teige Grov, Kornelia Roppen og Johanne Rise Kvalen.

På pallen: Camilla Svoren, Martine Amalie Dimmen og Rikke Rogne Stornes (13 og 14 år). Mats Fredriksen, Caroline Sætre og Jonas Andre Ose (15 år og eldre). Foto: Arve Hatløy