Dimna IL opnar nemleg Ulsteinhallen og inviterer alle som vil sjå Karsten,  til å stikke innom hallen frå klokka 21.00 måndag kveld.

- Ta gjerne med flagg, seier Arve Hatløy i Dimna IL.  Han var trenar for Warholm i mange år, og er svært spent før semifinalen på 400 meter hekk. Søndag såg han Karsten springe forsøksheat og greit ta seg vidare til semifinalen.

- Ja, det såg kontrollert ut, men det er mange som spring bra. Så det vert ein spennande semifinale, seier Hatløy,

Nummer to i heatet

Søndag var ventetida over for Karsten Warholm, då starta VM i London for stortalentet frå Dimna.

Det var totalt fem heat på 400 meter hekk, Karsten sprang i det fjerde.  Han gjekk greit vidare til semifinalen: han vart nummer to og fekk tida 49,50- utan å ta seg heilt ut.  Heatet vart vunne av Juander Santos frå den dominikanske republikk med tida 49,19.

- I semifinalen vert det ein verkeleg hard kamp, så eg tenkte det ikkje var vits i å peise på meir enn nødvendig, sa Warholm til NRK rett etter løpet.

Dei fire beste i kvart heat gjekk direkte vidare til semifinalen.

Det første heatet vart vunne av Kerron Clement frå USA med tida 49,46.

Heat nummer to vart vunne av TJ Holmes frå USA med tida 49,35.

I det tredje heatet fekk Yasmani Copello bestetid med 49,13.

Femte og siste heat vart vunne av franskmannen Mamadou Hann, som sprang på 49,34.

Konkurrent diska

Ein av Warholm sine argaste konkurrentar, Kyron McMaster frå Dei britiske jomfruøyane, vart diskvalifisert etter forsøksheatet.

Årsaka var at han trakka på linje i siste sving i løpet.

- Ja, Karsten slepp ein av dei beste i semifinalen, så alt er mogleg, seier Arve Hatløy.

Semifinalen går måndag kveld kl 21.20.