Ulstein formannskap slutta samrøystes opp om planane til rådmannen om å lage til eit fint grøntområde mellom Sjøsida og Sjøborg kulturhus.

Landskapsarkitekt Siri Myklebust har laga ein plan for området. Ho har teikna inn sitjeplassar, vatn, skulptur, planter, leikeområde og stiar.

Prisen for å gjennomføre planane er 4,2 millionar kroner. Det er tenkt at kommunen, fylket og hotellet skal dele rekninga i tre.

Formannskapet rår kommunestyret til å godkjenne at investeringsramma for prosjektet blir auka med 2,7 millionar kroner til 4,2 millionar – mva. Av den summen skal kommunen betale 1,4 millionar. Auken i kommunal del blir finansiert gjennom lån. Det er ein føresetnad at tiltaket er fullfinansiert og at alle tre partane er med og betaler for parken.

Ulstein kommunestyre skal ha saka oppe til avgjerd torsdag 19. juni.

Vil ruste opp dette området for 4,2 millionar