Torild Bugge, organisasjons- og personaldirektør i Ulstein Group, var i dag gudmor for "Blue Thunder", som vart døypt ved Ulstein Verft.

"Blue Thunder" er nummer fire av i alt seks skip som Blue Ship Invest har kontrahert ved Ulstein Verft. Alle skipa er av typen PS121.

"Blue Thunder" skal driftast av Atlantic Offshore, og har fått ein fire månaders kontrakt med statoil, med opsjon på ytterlegare fire månader.

Kristian Sætre har vore administrerande direktør ved Ulstein Verft i berre ei veke, og meinte det var ei ufortent ære at det var han som skulle stå for presentasjonen av den nye båten.

"Blue Thunder" er bygg nummer 296 frå Ulstein Verft, og vart kontrahert av Blue Ship Invest i mai 2012.

- Skipet var eit kjærkome prosjekt som sikra kontinuitet i skipsbyggjardivisjonen, kommenterte Sætre.

Ny byggemetode

Han opplyste at "Blue Thunder" også representerer ein ny byggjemetode ved Ulstein Verft.

Baugen er bygd ved verftet i Ulsteinvik, medan akterskipet  bygd ved Zalinas i Ukraina. Modulane er så sette saman ved Ulstein Verft.

Under tauinga frå Ukraina kom slepet ut i dårleg ver, og ein vire vart sliten. Det førte til at slepet måtte søkje naudhamn i Holland ei vekes tid, og akterenden kom dermed forseint til Ulstein Verft.

- Dei tilsette ved Ulstein Verft har gjort ein kjempejobb, dei var til og med på arbeid i romjula for å ta inn det forsømte, opplyste Sætre.

Per Svein Brekke har vore prosjektleiar for bygg nummer 296.

Alle dei fire skipa som hittil er leverte til Blue Ship Invest har fått charteroppdrag, og Sætre opplyste at tilbakemeldingane er gode.

Første utanom familien

Gudmor var altså Torild Bugge. Ho har jobba i Ulstein Group i to periodar. Først frå 1997 til 2003, deretter frå 2006, og har i dag tittelen organisasjons- og personaldirektør.

Dei tre førre skipa som Blue Ship Invest har fått levert frå Ulstein Verft, har hatt gudmødrer frå Ulstein-familien. Torild Bugge er den første tilsette som har fått eit slikt oppdrag.

- Eg vart svært overraska då dei spurde meg. Eg har aldri hatt i tankane at eg skulle vere gudmor for eit skip, smiler Torild Bugge.

Ho ser på det som ei stor ære.