Brandalsdagane feirar i år at det er 20 år sidan første arrangement og inviterer både bygdefolket og alle andre som er interesserte i å oppleve ishavsbygda til sju dagar med aktivitetar.

– I Brandal er dei glade i liv og røre, og målet med Brandalsdagane er at dei skal spegle dette, for både liten og stor, skriv Annika Brandal i ei pressemelding.

Programmet under Brandalsdagane ber preg av at det skal vere noko for alle, både i høgt og lågt tempo. Måndag opnar det heile med ein roleg brettspelkveld på Pakkhuset i samarbeid med brettspel-gjengen BrettVett, før det same lokalet vert nytta til barnedisco tysdag, med større mogelegheiter til å riste laus.

Andhøy onsdag

Eit av høgdepunkta under Brandalsdagane, er besøk av eventyraren og ekspedisjonsleiar Jarle Andhøy. Jarle Andhøy er ein godt kjent seglar og eventyrar med mange ekspedisjonar bak seg, og i seinare tid har han også blitt godt kjend gjennom tv-serien «Tangeruddampen».

Han vil underhalde i Aarvakbygget på onsdagen. Opphavleg skulle dette vere torsdag, men Andhøy måtte booke om avtalen.   Arrangementet har førehandssal av billettar og i fylgje Annika Brandal er det framleis plass til fleire.

Torsdag vert det høve til å bryne seg på spørsmål om både Brandal, ishavet og anna aktuelt, under quizkveld på Pakkhuset før tempoet vert skrudd opp fleire hakk fredag.

Kassebilløpet er tilbake

Mange vil nok forbinde Brandalsdagane med kassebilløp, då det var ein liten tradisjon i nokre år. Tradisjonen blei dessverre avbroten når bygda fekk fartshumpar i løypa, men i år har arrangørgjengen valt å hente fram igjen løpet. Denne gongen med ei litt anna løype, der show og kreativitet vil vere vel så viktig som ein rask bil.

Det vert også arrangert trehjulssykkelløp for dei yngste fredag kveld, medan dei vaksne får hjelp frå Anett Wingsternes til å trimme lattermusklane på pakkhuset.

Nytt Kvitnes-skilt

Laurdag og søndag vert dei to dagane med mest program. Det er spesielt mykje for barn og unge, men også fleire gode programpostar for dei vaksne.

Annika Brandal trekk fram avdukinga av eit nytt infoskilt på Kvitneset, der det eksisterande har vorte modent for utskifting.

– Det har vore ein lærerik prosess å få jobbe med dette saman med Arve Røyseth, fortel Svein-Aslak Veiseth i Brandal Velforening om skiltprosjektet som også har fått god støtte frå Tinde Design & Trykk.

– Kvitneset er eit veldig viktig område for Brandal og det nye skiltet vil vere viktig for mange, fortel Annika Brandal.

Ho ynskjer og å trekkje fram Brandal sin eigen Kaptein Ishav med Wilhelm Støylen, som arrangørane er svært spente på.

– Det blir røvarhistorier frå mang ei ishavsskute og ishavshistorie for både store og små, fortel Brandal om showet som flettar inn historie frå ishavsbygda.

Laurdagen byr også på møte med politi, ambulanse og brannvesen, samt prestisjetung fotballkamp og grillkveld ved Ishavsmuseet der Ronald Øvrelid står for musikken.

Set pris på vitjing til bygda

Brandalsdagane vert avslutta sundag med familiesundag på Ishavsmuseet. For dei minste blir det både modellbåtbygging og teiknekonkurranse, og det vil også vere mogeleg å treffe Christian Wiik Gjerde som tidlegare i år fekk utdelt Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.

Brandalsdagane er eit samarbeid mellom Brandal Vel, Brandal idrettslag og Ishavsmuseet Aarvak og Annika Brandal fortel at desse dagane kan vere med på å styrke samhaldet i bygda og at ein får gjort noko sosialt for bygdefolket.

– I tillegg er det mange av oss som set pris på å få besøk til Brandal og vi har framleis plass til fleire sambygdingar, seier Annika Brandal og understrekar at Brandalsdagane er eit arrangement som dei som står bak har det veldig kjekt med.

Jarle Andhøy kjem til Ishavsmuseet Aarvak onsdag 4. september.