Dei tre norske langfilmane Erik Skjoldbjærgs Pionér, Eventyrland i regi av Arild Østin Ommundsens og "Jeg er din" av Iram Haqog, er kortlista som årets norske Oscar-kandidatar. Ein av desse filmane har med andre ord mulegheit til å vere med og konkurrere om Oscar for beste ikkje-engelsk språklege film.

Pionér, som har premiere over heile landet og på Sjøborg kino fredag, er regissør Erik Skjoldbjærg sin thriller frå starten av det norske oljeeventyret. Store førekomstar av olje og gass er funne på norsk sokkel. Norske myndigheiter ønskjer å føre dei i land via ei røyrleidning på 500 meters djup.

Yrkesdykkaren Petter, spelt av Aksel Hennie, er besett av tanken på å vere den første på botnen. Han har disiplinen, styrka og eventyrlysta som trengst for å ta på seg verdas desidert farlegaste oppdrag. Ei tragisk ulukke vender alt på hovudet og sender Petter ut på ei reise der han etter kvart tapar oversikt over kven som trekk i kva trådar.

Dess nærmare Petter kjem sanninga, jo meir går det opp for ham at også hans eige liv står i fare.