Arbeidet med å reparere den søre ferjelemmen på Hareidferjekai starta tysdag. Vegvesenet har alliert seg med ei Nordang-kran, somløfta den skadde ferjelemmen opp på land .

Vegvesenet reknar med at lemmen og dei nye komponentane skalvere på plass igjen i løpet av veka.

Ferjelemmen vart påkøyrd av ei av Tide-ferjene tidlegare i sommar.Sidan då har trafikken gått berre over den nørdste lemmen.

Noko som har fungert tilfredsstillande.