Den danske tenketanken "Urban" har publisert ein video med tema korleis ein kan skape positiv utvikling og tilflytting. Tenketanken ser på distriktsutvikling som virkar, og i videoen presenterer "Urban" dei tre norske kommunene Sogndal, Sykkylven og Ulstein.

På  sine nettsider skriv tenketanken at Norge og Sverige har drive med distriktsutvikling mykje lenger enn ein har gjort i Danmark, og at "Urban" har fått midlar frå Landdistriktspuljen til å undersøke kva ein kan lære frå Sverige og Norge.

I delen av videoen som handlar om Ulstein og Ulsteinvik får ein mellom anna treffe Magne Gurskevik, Ellen Kvalsund og rådmann Einar Vik Arset.

- I dialogen med næringslivet er dei opptekne av at vi skal legge godt til rette i arealsaker og slike ting, men dei er like opptekne av vertskapsattraktivitet, at dei skal kunne rekruttere både frå inn- og utland, seier Einar Vik Arset.

Videoen kan du sjå i toppen av saka. Delen om Ulstein kommune byrjar etter om lag 12 minutt.