Dagens Mega Yachter er oftast utforma som luksushotell med interiør basert på tradisjonell luksus og funksjonalitet.

- Med dette hybrid Mega Yacht-konseptet ønskjer vi å skifte fokus fra ekstrovert beundring, til ein arena for aktivt oppleving av naturen, uttaler sjefsdesignar Einar Hareide i ei pressemelding.

Ein forhøga restaurant og utsiktsplass, ein grøn oase rundt eit 20 meters basseng og ein saumlaus overgang til vatnet i akterenden er med på å skape ei heilt ny og spennande oppleving om bord.

Det store, opne auditoriet gir ei storslått oppleving som gir optimal kontakt med omgjevnaden.

Skipet er basert på eit klassisk 108m enkelskrog-design med ein unik komibinasjon av skandinavisk eleganse, enkelhet og modernitet.

300 kvm høgeffektive solceller som laddar banken av litium-ion batteri gir skipet berekraftig energi og nok straum for langsam cruising langs rolege kystlinjer. For lengre avstandar og høgare fart, er det også mogleg å bruke diesel-elektrisk framdrift.

Får du besøk, er helikopterplattformen praktisk.