Då ulsteinordførar Knut Erik Engh tidlegare i år avgjorde å ta dei mindreårige asylsøkjarane ut av Ulstein ungdomsskule, og la dei få undervisning ein annan stad, reagerte Fylkesmannen. Han skulda Ulstein kommune for å bryte både Opplæringslova og Forvaltningslova. Elevar i grunnskulealder har rett til å gå på nærskulen, som i dette tilfellet var Ulstein ungdomsskule.

Fylkesmannen varsla pålegg om retting av brot på regelverket med ein frist. Kommunen svara Fylkesmannen innan fristen. Han vurderte så tilbakemelding og bad om meir dokumentasjon på at forholda var retta, noko han fekk.

Fylkesmannen har no vurdert den siste tilbakemeldinga frå kommunen og finn det sannsynleg at forholda no er retta. Han avsluttar difor tilsynet med Ulstein kommune.