Sunnmøre Politidistrikt melder om at driftseiningsleiar/stabsjef Ingmar Farstad i Felles operativ eining i Sunnmøre politidistrikt er beordra til prosjektet "Nye politidistrikt" på fulltid fram til oktober 2015. Der bidreg han med å endre beredskapssystemet i politiet (PBS) i tråd med ny organisering. Dette systemet er fundamentet for handteringa av ordinære som ekstraordinære hendingar og kriser.

Dette får konsekvensar for lensmannskontoret for Ulstein og Hareid. For Jon Kåre Flo er mellombels tilsett som stabssjef (vikar for Farstad), og Odd Kulø er mellombels tilsett i stillinga som leiar for Felles operativ eining (vikar for Flo). Båe desse er tilsett fram til oktober i perioden Farstad er i prosjektarbeid hjå Politidirektoratet.

Egil Rustad vil fungere som lensmann i Ulstein og Hareid medan Kulø er knytt til Felles operativ eining. Rustad tenestegjer til vanleg som politiførstebetjent ved Volda og Ørsta lensmannskontor. Han skal fram til oktober ha eit særleg ansvar for å leie ordenstenesta på Søre Sunnmøre.