– «Tideekspress» skal tilbake på sambandet, det er det ingen tvil om, seier Bjørn Egil Søndenå, «hurtigbåtsjef» i Norled.

Fleire frustrerte pendlarar har den siste tida kontakta Vikebladet Vestposten, då den største båten i hurtigbåtsambandet, «Tideekspress», ikkje har vore å sjå. Båten, med ein kapasitet på 290 passasjerar, har vore ute av drift sidan i sommar. Mange av pendlarane har sakna båten, som gjorde morgon- og ettermiddagsrushet litt mindre. I sommar og fram til no har «Tyrving» gått i staden for «Tideekspress. «Tyrving» og «Tidebris», kvar med kapasitet på 180 passasjerar, har gjort jobben med å frakte folk denne sommaren.

– Vi har fått tilbakemeldingar på at alt har gått heilt fint. Vi visste at det ikkje ville vere noko problem i sommar, utan alle studentane og utan dei som ferierte. Det har likevel gått veldig bra også no etter både skulen og arbeidsplassane er i full sving igjen, seier Sundenå i Norled.

Norled la tidleg i år fram eit forslag for Møre og Romsdal fylkeskommune, om å setje inn nettopp to mindre båtar i staden for «Tideekspress». Det vakte stor motstand, og det blei vedteke at «Tideekspress» skulle halde fram i sambandet.

– Det at vi har klart oss heilt fint utan «Tideekspress» viser at ein fint kunne klart seg med to mindre båtar. Men, no skal båten uansett tilbake i sambandet så snart han blir klar, seier Sundenå.

– Uheldige med leveransane

«Tideekspress» ligg ved Oma Slipp & mekaniske verkstad på Stord for ein årleg sjekk og skifting av motorar. Den er der framleis grunna det Norled forklarar som ein uheldig leveransesituasjon.

– Vi har rett og slett fått feil leveranse av delar vi treng for å reparere båten. Vi har bestilt nye, men ventar framleis på dei.

«Hurtigbåtsjefen» ynskjer ikkje å love ein spesifikk dato for når båten er å sjå på Sulafjorden igjen, men han trur det skal gå raskt nok.

– Eg blir overraska om den ikkje er tilbake før utgangen av oktober. No har vi klødd oss nok i hovudet på grunn av at leveransane ikkje har vore slik dei skulle vere fyrste gongen. Ein ting er heilt klart, vi jobbar så raskt vi kan, og vi lovar at den kjem tilbake, seier Bjørn Egil Søndenå avslutningsvis.