– Det var ein frykteleg tung dag, seier hovudtillitsvalt ved fabrikken, Oddrun Fjørtoft til Vikebladet Vestposten.

Ho er ein av dei som har vore tilsett i bedrifta sidan før Ekornes kjøpte fabrikken. Ho tek med underteikna på ein rundtur i fabrikken, der produksjonen held fram for fullt. Torsdag går dei tilsette ut i fellesferie, og det blir heilt stille i fabrikklokala. Ein forsmak på korleis det blir når fabrikken er avvikla i desember i år.

Les også: - Vil prøve å få det til

– Noko vi aldri gløymer

Hovudtillitsvalt Oddrun Fjørtoft og dei fire andre tillitsvalde fekk vite om avgjersla til Ekornes-leiinga ei veke før bodskapen blei annonsert også til dei andre tilsette ved fabrikken.

– Vi fekk vite om dette ei veke i førevegen, og det var utruleg tungt å måtte halde det inne så lenge. Vi prøvde å gjere oss nokre tankar om korleis kollegaene våre kom til å reagere når dei skulle få vite det. Då dagen kom, og den triste nyheita blei offentleggjort vart det stille. Vi alle samla oss, gret og trøysta kvarandre. Dette blei ein dag ingen av oss nokosinne vil gløyme, seier Fjørtoft og legg til:

– Vi visste godt at konsernet hadde ein prosess gåande der det blei sett på moglege endringar i bedriftsstrukturen, men at dei skulle lande på dette var det siste vi hadde sett føre oss. Frykta var der, men det var ikkje dette vi ville skulle skje.

Krunglete reiseveg

I same møtet der dei tilsette fekk den triste beskjeden fortalde konsernsjef Olav Holst-Dyrnes at alle som ville, hadde jobb på Vestlandske i Sykkylven, dit produksjonen på Hareid no blir flytta.

– Alle har no fått ei endringsoppseiing, eit tilbod om jobb ved Vestlandske-fabrikken i Sykkylven. Nokre få har valt å gå av med avtalefesta pensjon «AFP», medan stort sett alle av dei rundt 70 tilsette i produksjonen har valt å takke ja til å bli med innover til Sykkylven for å behalde jobbane sine, seier Oddrun Fjørtoft.

Dei tilsette i administrasjonen er det framleis meir uklart kring, men også desse vil få tilbod om ulike typar stillingar i Sykkylven.

Busstransport

Dei fleste ønskjer altså å behalde jobbane sine, men til kva pris? Jo, ein mykje lengre og krunglete reiseveg, seier Fjørtoft. Ho seier at dei tilsette no for alvor har byrja å sjå på alternative reisemåtar til og frå Sykkylven.

– Vi har sett på alternativet med båttransport, men det blir alt for dyrt. Så har vi sett på å få leigd buss frå Sulesund til Magerholm. Men då er det reisetidene som blir utfordrande. Om det skal klaffe med buss på Aursneset som køyrer oss vidare til Vestlandske. Samkøyring, eller «kompiskøyring» er også diskutert.

Skal dei Ekornes-tilsette frå Hareid og dei andre kommunane på Ytre Søre kome seg tidsnok på jobben i Sykkylven betyr det halv seks-ferja frå Hareid kvar morgon. Då er ein heime igjen til klokka fem på ettermiddagen.

– Surrealistisk

1. mai 1996 tok Ekornes over drifta ved Utgård Mestermøbler på Hareid, og fram til i år har fabrikken vore ein viktig del av konsernet. Men no er det altså slutt.

– Eg har jobba her i 31 år, sidan eg var 20 år gammal. No er dette snart eit lukka kapittel, og så får vi håpe det blir så bra som mogleg i ein ny arbeidskvardag i Sykkylven. Dette er uansett surrealistisk, seier Fjørtoft.