Torsdag ettermiddag vart Ahlsell sitt nye bygg i Ulsteinvik med eit eige Proffsenter opna.
Sjølvaste Kjell "Kjellen" Bigset frå humorshowet Klypa stod for den uhøgtidlege opninga.
Alle kundar vart møtte med marsipankake og kaffi heile dagen.
Utover dagen vart det avvikla eit enormt kundearrangement med nærare 60 leverandørar og rundt 250 kundar med fagprat, mat, god drikke og ablegøyar med Klypa.
Det er kundane som har vore med å avgjere det lokale vareutvalet. Resultatet har blitt eit vareutval på rundt 4.000 artiklar som skal vere lett å finne fram til i passande mengd. Ønskjer kundane større tilgjenge til produkt som ligg på logistikksenteret, så kan dette bli lagt inn lokalt.
Moderne løysingar
Bygget har energisparande løysinger med vassbåren varme og energisparande vindauge. Dei miljøvenlege løysingane har ikkje gått på akkord med designet frå Sporstøl Arkitekter.
Mykje verktøy
Proffsenteret har fått eit godt utval av verktøy, maskiner, arbeidstøy, verneutstyr og festemateriell. Ahlsell ventar ei stor salsutvikling i industritunge Ulsteinvik.
Til trass for eit stort verktøyutval i Proffsenteret gjev det berre ein forsmak på dei over 30.000 lagerførte artiklane som kan leverast frå Ahlsell sitt sentrallager.