Som kjent har Ulstein kyrkjelege fellesråd/arbeidsutvalet søkt om løyve frå Møre bispedømeråd til å omdisponere Vik kyrkjegard frå gravplass til nytt kyrkjebygg. Dei vil byggje på den eksisterande kyrkja.

Men soknerådet/fellesrådet har ikkje gjort nedleggingsvedtak om Vik kyrkjegard i tida omkring eller etter at den siste gravlegginga skjedde i 1964. Om det er over 40 år sidan siste gravlegginga, noko som her er tilfellet, kan fellesrådet gjere nedleggingsvedtak med umiddelbar verknad.

Møre bispedømeråd ber fellesrådet opplyse om kvifor gravplassen i si tid vart teken ut av bruk og om korleis fellesrådet vurderer arealet som eigna til gravplass i dag.

Fellesrådet må også opplyse om gravplasskapasiteten til kommunen i dag.

Og fellesrådet må stadfeste at søknaden no gjeld godkjenning av nedlegging. Eit eventuelt løyve til å omdisponere gravplassen kjem på eit seinare tidspunkt.