Nye tal frå Nav syner at arbeidsløysa i Møre og Romsdal har vore stabil det siste året. I mars i år var lediggangen noko høgare enn ved same tid i fjor, men ved utgangen av april er lediggangen tilbake på om lag det same nivået som i 2012.

Tala frå Nav syner at det var 2731 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal i april, noko som svarar til to prosent av den totale arbeidsstyrken. Dette er også ein auke på 0,6 prosent i høve same tid i fjor. På landsbasis er det 2,6 prosent av arbeidsstyrken som står heilt utan arbeid. Dette er ein auke på 2,8 prosent frå i fjor.

I Ulstein har talet på heilt ledige gått ned med tolv den siste månaden, medan det har gått ned med fem i Hareid. I løpet av det siste året syner tala til Nav at det er 18 færre ledige i Hareid på noverande tidspunkt enn det var på same tid i 2012, medan det er 15 færre ledige i Ulstein.

Auke i Herøy, stabilt i Sande

Herøy er blant kommunane der tala går motsett veg og der har det vore ein auke i lediggangen på 13 personar siste månaden. I løpet av det siste året har lediggangen i Herøy auka med 49 personar. For Sande har tala vore meir stabile og det er inga endring den siste månaden, men to færre ledige siste år.

Hareid har den største prosenten ledige i høve den totale arbeidsstyrken med 3,8 prosent, medan Ulstein har minst ledige i høve den totale arbeidsstyrken med 1,5 prosent ledige.