Dagleg leiar ved Krisesenter Sunnmøre, Janne-Grete Havnegjerde, fortel at dei som føler at dei treng tilbodet om krisesenter, er velkomen. Også i julehøgtida.
– Vi prøvar å lage til ei normal jul. Vi pyntar og kosar oss med god mat saman på senteret. Det ligg også nokre gåver på lur, vedgår Havnegjerde.
Ho er glad for at folk som treng tilbodet faktisk nyttar seg av det.
Både for menn og kvinner
Tilbodet om krisesenter er for både kvinner og menn. Krisesenter Sunnmøre har to senter, begge i Ålesund.
Tilbodet er for alle som bur eller er på besøk i kommunane Ålesund, Ørsta, Ulstein, Hareid, Sula, Giske, Skodje, Haram, Ørskog, Norddal, Vanylven, Stranda og Sykkylven.
Menn som ynskjer å nytte seg av krisesenteret kan ringje 907 07 433. Kvinner kan ringje 701 63 333.